Skog på flyttefot
Eg har hatt ein idé surrande rundt til eit dokumentarprosjekt ei stund, men i dag har eg mest sansynleg konkludert med at det ikkje blir noko av. Skogen i Noreg flytter seg oppover fjella våre. Artar flytter seg lenger og lenger nord etterkvart som temperaturen aukar. Og menneskedrive artsforflytting er årsaka til 60 prosent av utrydda artar.
Det er både ubehageleg, skummelt og interessant. Kanskje ei form for morbid nysgjerrigheit. Men det har, som mykje anna, nokon allereie laga ein serie om. Og sjølvsagt akkurat på same måte som eg ville, ved å bli med forskara ut i felt, sjekka insektfeller og varmetelt.
Eg har ikkje sett alt endå, so kanskje er det håp framleis. For dokumentaren altso, og kanskje for naturen.
Serien er her: NRK Natur i endring
Andre kjelder for meir morbid lesing:
IPBES: Invasive Alien Species and Their Control